Omslag: "Tida er ei mor : dikt" av Ocean Vuong
Bok
Voksne

Tida er ei mor

Ocean Vuong
Mødre og sønner
Reserver

Ei rørande og intim diktsamling.

Ei rørande og intim diktsamling av den vietnamesisk-amerikanske forfattaren Ocean Vuong, skrive i kjølvatnet av døden til mora. I denne oppfølgjaren til den vellykka romanen hans På jorda er vi glimtvis vakre, fyller Ocean dikta sine med levande bilete av morens reisa som innvandrar frå Vietnam til USA.

Matthew anbefaler denne samlinga til deg som ynskjer å engasjera seg med poesi i omsetjing og identitetsspørsmål.

Om boken

I si andre diktsamling leiter Ocean Vuong etter trøyst i det som er att etter mora døydde. Ein omsorgsperson han hadde ein kjærleg, men komplisert relasjon til. Nedtyngd i ein sorgprosess utforskar Vuong det som har vore sentrale motiv sidan debuten hans: Det ein familie har å seie, og kostnaden av å vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Men denne gongen går han òg enda tettare på det engelske språket, det han aldri fekk velje sjølv. Også denne relasjonen er komplisert og har sin pris. Dikta til Vuong krinsar kompromisslaust, nakent og overgivande kring fragment av liv for å finne støtte, men òg ei meining i eige tilvære. «Tida er ei mor» er eit ømheits-testament i ei valdeleg tid. Boka er gjendikta av Mathias R. Samuelsen.

Tida er ei mor : dikt | Karmøy folkebibliotek