Stress og korleis leve med det?

Er du stressa? Anne Gunn Halvorsen, journalist og forfattar frå Vikedal, har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente.

Boka ”Stress og korleis leve med det” er ei handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i. I kveld fortel ho om det viktigaste ho har lært om stress, og gir nokre enkle forslag til korleis ein kan leve betre med stress. Halvorsen har også skrive boka ”Livet og korleis leve det”.
Slepp det du har i hendene og kom!